Undervisning: Realfag - Stord vgs

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande- og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 1000 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro, Teknikk- og industriell produksjon og IKT- servicefag. Voksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Det er planlagt ei større ombygging av Stord vidaregåande skule og me skal ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.

Realfagsseksjonen ved skulen har 19 tilsette som underviser både på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Komande skuleår har skulen ledig årsvikariat i matematikk og naturfag på inntil 40% på vg1 nivå. I tillegg har me ledig om lag 55% vikariat i matematikk, 1P og 2PY, frå skulestart. Lengda på dette vikariatet er uviss.

Me søkjer deg som har undervisningskompetanse i dei aktuelle faga, og som har evne til å rettleie og motivere andre.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning, knytt til ulike elevgrupper

Personlege eigenskaper

  • God evne til å kommunisera, rettleia og motivera.
  • God på samarbeid.
  • Systematisk og nøyaktig.
  • Kan arbeida sjølvstendig.
  • Sterk personlig og faglig integritet.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmf. Opplæringslova.
  • Minimum 60 studiepoeng i utlyst fag. Det er ønskjeleg med større fordjupning i faga og erfaring i klasseleiing.
  • Den som skal tilsetjast i den vidaregåande skulen må leggja fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønnspolitikk.
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Dynamisk, godt og spennande fag- og arbeidsmiljø.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Joao Luis Loureiro
Joao Luis Loureiro