Undervisning: Programfag yrkesfag - Sotra vgs

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfaglege og studiespesialiserande programområde. Vi har to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund med 850 elevar og 150 tilsette.
Vi er også vaksenopplæringssenter for Askøy, Sotra og Øygarden og har ca. 150 elevar innanfor ulike program her.

Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Skulen har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape eit miljø tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Vi har ledig følgjande undervisningsstillingar for snarleg tilsetting:

Arbeidsoppgåver

  • 240% programfag Bygg og anleggsteknikk, tømrerfaget, faste stillingar
  • 140% programfag Helse- og oppvekstfag, fast og vikariat

Personlege eigenskaper

  • Vi søker lærarar som kan samarbeide med andre, men også arbeide sjølvstendig
  • Du arbeider strukturert og systematisk
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du byggjer gode relasjonar til elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Torstein Telle
Torstein Telle
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Christine Taule
Christine Taule