Undervisning: programfag studiespesialiseande og kunst, design og arkitektur - Årstad vgs

Årstad vidaregåande skule i Bergen er ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 4 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, samt innføringsklasser for minoritetsspråklege elevar. Skulen skal være ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.

Årstad videregåande skule har ledig 55% fast stilling for undervisning i programfag på studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur: Entreprenørskap og bedriftsutvikling. Design og bærekraft.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver som tilhøyrer undervisningsstilling.

Personlege eigenskaper

  • Vi ønskjer personar som kan evne å skape gode relasjonar til elevane.
  • Gode samarbeidsevner og motivasjon for å arbeide med elevar med ulike utfordringar.
  • Vi ønskjer nytenkjande, reflekterte og kreative arbeidstakarar.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan undervise i begge faga.
  • Vi ser etter ein lærar som er utviklingsorientert og har eit reflektert forhold til designaren si rolle i eit bærekraftig samfunn.
  • Læraren må kunne digitale designprosessar, ha erfaring og helst utdanning i 3D-printing og vere røynd på bruk av teknologi i læring.
  • Utdanning i eller røynsle frå entreprenørskap i skulen er eit føremon, men kan kompenserast med tilsvarande røynsle frå næringslivet.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
  • Godt fag- og arbeidsmiljø.
  • Moderne undervisningsanlegg.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kari Danielsen
Kari Danielsen