Undervisning: Norsk, tysk og kroppsøving - Kvinnherad vgs

Kvinnherad vidaregåande skule har 80 tilsette, og 400 elevar fordelt på 6 programområde. Eit viktig mål for skulen er å ha eit breitt opplæringstilbod i samsvar med kompetansebehova til næringslivet i regionen.

Vi har programområde for Studiespesialisering og 5 ulike yrkesfag, tilrettelagt opplæring og i tillegg påbygg. Vi har ei eiga avdeling på Valen sjukehus (Valekrossen skule).
Frå 01.08.2019 har vi ledig inntil:
120% undervisning i norsk
43% undervisning i tysk
100% undervisning i kroppsøving
52% undervisning i breiddeidrett.
Med atterhald om søknad om permisjon, kan vi og få ledig inntil 100% vikariat med hovudvekt på norsk for skuleåret 2019/20.
Det er ei føremon om søkjarar har kompetanse i andre undervisningsfag skulen kan få bruk for.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i faga skulen har trong for, på alle nivå frå Vg1 til Vg3, og både på yrkesfag, studiespesialiserande, påbygg, tilrettelagt og Valekrossen.
  • Felles- og utviklingsoppgåver.

Personlege eigenskaper

  • God evne til kommunikasjon og samarbeid
  • Tydeleg, motiverande og støttande leiar i klasserommet
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Relasjonsbyggar
  • Utviklingsorientert

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.:
  • Undervisningskompetanse innan faga norsk, tysk, kroppsøving, breiddeidrett og evt andre relevante undervisningsfag for vidaregåande skule
  • Pedagogisk grunnutdanning (PPU)
  • Gode kunnskapar innan bruk av informasjonsteknologi
  • Gode relasjons- og samarbeidsevner
  • Det er eit pluss om søkjarar har kompetanse i vurdering for læring.
  • Den som vert tilsett i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kompetanse og ansiennitet
  • Kurs og opplæringstilbod
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og godt arbeidsfellesskap
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kjell Erik Taranger
Kjell Erik Taranger
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Hilde Svalbjørg
Hilde Svalbjørg