Undervisning: Norsk og engelsk - Odda vgs - Hordaland fylkeskommune

Odda vidaregåande skule har ca 260 elevar og 60 tilsette. Skulen ligg på Eidesmoen, ca 2km frå Odda sentrum og har 6 utdanningsprogram: BA, Elektro, HO, IDR, ST, TP og Landsline for Smed.

Skulen treng dyktige pedagogar som kan undervise i eitt eller fleire av følgjande fag:

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i lærefaga

    • Norsk
    • Engelsk

Personlege eigenskaper

    • Skulen ønskjer faglege dyktige medarbeidarar med vekt på evne til samarbeid, sjølvstende og gode kommunikasjonsevner.
    • Initiativrik og engasjert.
    • Strukturert og tydeleg.

Kvalifikasjonar

    • Til alle undervisingsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng.
    • Den som som skal tilsettast må legge fram politiattest.
    • Administrasjonsmålet i Hordaland fylkeskommune er nynorsk.

Følgjande blir tilbydd

    • Godt arbeidsmiljø.
    • Kollegaer med lang erfaring.
    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
    • Løn etter kvalifikasjoner.

    Andre opplysningar

    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Jane Merete Myhre
Jane Merete Myhre