Undervisning: Naturfag - Bømlo vgs

Bømlo vidaregåande skule er ein skule med ca. 270 elevar og 50 tilsette. Skulen ligg på Svortland i kommunesenteret i Bømlo. Skulen har yrkesfaglege og studiespesialiserande utdanningsprogram samt klassar med tilrettelagt undervisning.

Bømlo vidaregåande skule har 1 ledig stilling/vikariat 27% naturfag skuleåret 2019/20.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i naturfag på yrkesfaglege og studiespesialiserande utdanningsprogram.

Personlege eigenskaper

  • Me søkjer ein utadvent, strukturert, sjølvstendig, samarbeidsvillig og ansvarsmedviten person som kan undervisa i naturfag.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innafor naturfag retta mot undervisning i vidaregåande skule.
  • Det er ønskjeleg med undervisningskompetanse i naturfag.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Oddvar Harald Nesse
Oddvar Harald Nesse