Undervisning: Naturbruk - Hund og Smådyr - Stend vgs

Stend vidaregåande skule har om lag 520 elevar innan naturbruk, idrettsfag, service og samferdsel, almennfagleg påbygging og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 170 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Innan utdanningsprogram for naturbruk er det vedteke eit nytt VG3 Dyrefag som skal utdanne fagarbeidarar til dyreklinikkar, dyreparkar, dyrebutikkar, kennel og andre dyrerelaterte verksemder.
Skulen har store ambisjonar og skal vere leiande innanfor det nye dyrefaget.

Arbeidsoppgåver

  • Stillingane omfattar undervisning på naturbruk VG1 og VG2 innan dyrefag og entreprenørskap.
  • Omlag ei stilling omfattar undervisning knytt til hundefag og entreprenørskap
  • Omlag ei halv stilling omfattar undervisning knytt til smådyr/selskapsdyr

Personlege eigenskaper

  • Like å vere i lag med ungdom
  • Vi søkjer etter ein omgjengeleg og samarbeidsvillig person som likar å jobbe i team og som er oppteken av å finne opplæringspotensialet til ungdom.
  • God kjennskap til bruk av IKT som pedagogisk verktøy

Kvalifikasjonar

  • Brei teoretisk og praktisk kompetanse innan ulike dyreslag med fokus på hund og smådyr/selskapsdyr.
  • Erfaring med å drive eiga verksemd knytt til dyr er ein fordel.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg variasjon, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Torbjørn Litlere
Torbjørn Litlere