Undervisning: Mekaniske fag - Rubbestadnes vgs

Rubbestadnes vidaregåande skule har i dag tilbod til 180 elevar. Skulen er lokalisert på Rubbestadneset på Bømlo. Me har et godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette.

Ved Rubbestadnes vidaregåande skule har me 1 heil undervisningsstilling ledig innan mekaniske frå 1. august 2019.

Personlege eigenskaper

  • Trygg og tydeleg klasseleiar med positivt elevsyn og evne til å skapa gode relasjonar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig
  • Evne til å samarbeida, vera løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner
  • Utviklingsorientert
  • Vera ein engasjert tilsett som arbeidar for heilskapen på skulen

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som har ingeniørutdanning eller teknisk fagskule innan fagområdet.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr. Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rune Gåsland
Rune Gåsland