Undervisning: Maritime fag - Austevoll vgs

Austevoll vgs er ein yrkesfagleg, maritim vidaregåande skule. Me har studieretningane vg1 Teknikk og industriell produksjon, vg1 naturbruk og vg1 helse og oppvekstfag, vg2 fiske og fangst, vg2 maritime fag (matros/motormann), vg2 akvakultur, i tillegg til vg1 studiespesialiserande. Inneverande skuleår har me ca. 150 elevar fordelt på 10 klassar.

Me har ledig 100 % fast stilling som faglærar på vg2 maritime fag, maskin. Undervisninga vert gjennomført både i klasserom og ulike praksisarenaer som i skulen sin mekaniske verkstad. I tillegg til undervisning på vg2 maritime fag, vert det òg undervisning på vg1 Teknikk- og industriell produksjon.

Arbeidsoppgåver

  • Faglærar skal gje elevane opplæring i generelle arbeidsoppgåver på fartøy og flyttbare innrettingar, med avansert teknologi og automatiserte prosesser. Dette vil seie å undervise elevane i teknisk teikning, utrekningar og digitale verkty knytt til drift og operasjon av skip. Undervisninga inkluderer òg bruk av papirbaserte og digitale oppslagsverk på norsk og engelsk til støtte i dagleg arbeid om bord.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Gode relasjonelle eigenskapar
  • God formidlingsevne
  • Utadvent
  • Målbevisst
  • Strukturert
  • Praktisk
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Entusiastisk
  • Initiativrik

Kvalifikasjonar

  • Minimum utdanning på fagskulenivå innan maskinoffiser eller maskinteknikk
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr opplæringslova. Ved manglande Praktisk- pedagogisk utdanning, må denne utdanninga påbyrjast innan 2 år etter tilsetjing
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Faglege utfordringar og personleg utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Håvard Magnus Njåstad
Håvard Magnus Njåstad
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Vivian Bjånesø Horgen
Vivian Bjånesø Horgen