Undervisning: Lokal matkultur - Fagskolen i Hordaland

Fagskoleutdanning er ei tertiærutdanning, lik universitet og høgskular, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både fagleg innsikt og leiarkompetanse.

Fagskolen i Hordaland er ei av landets største fagskolar og gir i dag tilbod til om lag 1200 studentar og har omlag 100 tilsette. Skolen opplever stadig aukande søknadsmengd til både dag- og nettstudium. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette. Skolen er inne i ein spanande utviklingsfase og ønskjer i den samanheng å knytte til seg fleire fleksible og dyktige medarbeidarar.
Hausten 2018 starta Fagskolen i Hordaland opp eit nytt fagskuletilbod i Lokal matkultur, studiestad Hjeltnes plassert i Ulvik i Hardanger. Vi treng fagpersonar til undervisning på utdanninga. Stillinga kan eventuelt delast i fleire delstillingar.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i nettklasse med 6 samlingar pr. år pr. klasse, med nettundervisning mellom samlingane. Aktuelle fagfelt er produksjon og foredling av ulike råvarer, både teori og praksis. I tillegg er det aktuelt med undervisning innan matkvalitet, matkultur, berekraftig matproduksjon, mathistorie, realfag, kommunikasjon og entreprenørskap.
  • Bidra i utvikling av eit nytt studium, basert på godkjent studieplan.
  • Størrelsen på stillinga kjem an på fagkombinasjon.

Personlege eigenskaper

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Entusiastisk
  • Praktisk
  • God formidlingsevne

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter lærarar med heilskapleg matfagleg kompetanse frå høgskule/ universitet. Praktisk erfaring frå matfaget er ønskjeleg.
  • Søkjar må ha digital kompetanse, som grunnlag for digitale verktøy til bruk i nettundervisning
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med prøvetid på 6 mnd

Følgjande blir tilbydd

  • Konkurransedyktige vilkår og eit godt arbeidsmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Gode forsikrings- og pensjonsforsikringar
  • Fleksibel arbeidstid og tilsettingsforhold
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Andrid Innset
Andrid Innset