Undervisning: Kroppsøving/breddeidrett - Osterøy vgs

Osterøy vidaregåande skule er ein kombinert skule som flytta inn i nytt skulebygg i 2010. Vi er ein moderne skule med godt utstyr, og lyse og trivelege lokale. På skulen er det om lag 200 elevar og 50 tilsette.

Skulen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Elektrofag, Teknikk og industriell produksjon, Helse- og oppvekstfag og tilbod innan Tilrettelagt opplæring.

Vi har eit godt elevmiljø og dyktige lærarar. Med skulen sin visjon «Kunnskap med lokal forankring» har skulen eit godt samarbeid med lokalmiljøet.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning kroppsøving og breddeidrett 35%.

Personlege eigenskaper

  • Positiv, utadvent og entusiastisk
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Tilpasninsdyktig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel

Kvalifikasjonar

  • Idrettsfagleg utdanning på bachelor eller masternivå.
  • Ønskjeleg med erfaring frå vidaregåande skule.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i HFK vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Ein triveleg arbeidsplass med engasjerte kollegaer
  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Hilde Saugerud Standnes
Hilde Saugerud Standnes