Undervisning: Kroppsøving - Voss vgs

Voss vidaregåande skule er ein ny og moderne skule med om lag 400 elevar fordelt på 5 utdanningsprogram: Bygg – og anleggsteknikk (BA), Elektrofag (EL) , Naturbruk (NA), Restaurant- og matfag (RM), Teknikk- og industriell produksjon (TIP) og eiga avdeling for tilrettelagt opplæring (HTH/HTA). Skulen som ligg i Skulestadmo har om lag 130 tilsette.

Frå 01.08.2019 har me ledig stilling i kroppsøving. Stillinga er ei fast stilling og stillingsstorleiken er 80%.
Stillinga kan verta utvida med opp mot 100%, men då med om lag 20% undervisning i eit av fellesfaga.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på Vg1, Vg2 og Vg3

Personlege eigenskaper

  • Du som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst.
  • Du er ein tydeleg og støttande leiar i undervisningssituasjonen, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats.
  • Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter kandidatar med høgskule-utdanning innan faget kroppsøving.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr. Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle ny-tilsetjingar i Hordaland Fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Nytt og moderne skulebygg
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Godt fag- og arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Marit Rykke
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Svein Inge Styve
Svein Inge Styve