Undervisning: Kjemi og matematikk - Askøy vgs

Ledig vikariat på Askøy vidaregående skole
Askøy vidaregående skole har desse utdanningsprogramma:

• Bygg- og anleggsteknikk
• Elektrofag
• Helse- og oppvekstfag
• Studiespesialisering
• Teknikk og industriell produksjon

Askøy vidaregående skole har 530 elevar, om lag 90 tilsette og 5 utdanningsprogram, og har tilbod med særskilt tilrettelagt opplæring og påbygging til generell studiekompetanse. Skolen ligg i Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen.

Vi har frå 01.08.2019 og fram til 1.12.2019 ledig vikarstilling i programfaga kjemi 1 og matematikk (S1), evt. 2P. Programfaga utgjer til saman 56,5 % stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr opplæringslova
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest

Følgjande blir tilbydd

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Oddvar Skråmestø
Oddvar Skråmestø
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Axel Ivar Hansen
Axel Ivar Hansen