Undervisning i entreprenørskap og bedriftsutvikling og yrkesfaglig matematikk - Sandsli vgs

Sandsli vidaregåande skule har om lag 570 elevar innan studiespesialiserande og restaurant- og matfag, og om lag 70 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Skulen arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg.
På Sandsli gir vi «næring til læring», og resultata viser at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling og gode resultat.

Arbeidsoppgåver

  • 56,46 % i entreprenørskap og bedriftsutvikling
  • 14,55% i yrkesfagleg matematikk (tilrettelagt gruppe)

Personlege eigenskaper

  • Skulen søkjer ein lærar som har eit høgt fagleg engasjement og som klarer å skape gode relasjonar til elevane.
  • Interesse for pedagogisk utviklingsarbeid og kollega samarbeid
  • Gode samarbeidsevner vert vektlagt

Kvalifikasjonar

  • Kjennskap til dei skuleadministrative systema
  • God IKT-kompetanse
  • Erfaring frå vidaregåande skule er ønskeleg.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule, må leggje fram politiattest. Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Sandsli er ein spanande arbeidsplass med engasjerte kolleger
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rune Dolvik
Rune Dolvik
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Inger Anne Taule
Inger Anne Taule