Undervisning: Helse og oppvekstfag - Knarvik vgs

Knarvik vidaregåande skule gir eit breitt fagtilbod innan yrkesfag, studiespesialisering, påbygg og TAF. Skulen har og ei stor avdeling for tilrettelagd opplæring. Skulen har omlag 1000 elevar og 180 tilsette.

Vår visjon: Læring og vekst for alle

På utdanningsprogram for Helse- og oppvekst har vi frå 1. august 2019 ledig 100% fast stilling og omlag 300% årsvikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i helse- og oppvekstfag i samarbeid med kollegaer.
  • Arbeide systematisk med faglege spørsmål, rettleie og motivere elevane.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer deg som har evne til å bygge relasjonar med elevane.
  • Vi søkjer deg som ser meirverdien kollegasamarbeid kan gi.
  • Vi søkjer deg som har gode kunnskaper og interesse for IKT i undervisninga.
  • Er du ein person som ønskjer å utvikle ungdom både faglig og sosialt, er ryddig, strukturert, med eit stort pågangsmot og eit tydelig engasjement, kan vi love deg utfordrande, utviklande og spanande oppgåver i eit stort og tverrfagleg miljø.

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/bachelor innanfor helse- og oppvekstfag.
  • Erfaring frå undervisning og kontaktlæraransvar i vidaregåande skule er ønskjeleg.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant faglig og pedagogisk kompetanse, jfr Opplæringslova.
  • Den som blir tilsett må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsettingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Følgjande blir tilbydd

  • Triveleg arbeidsmiljø og eit godt arbeidsfellesskap.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode pensjons- og lånevilkår i Statens pensjonskasse.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Patrick D'Incan
Patrick D'Incan