Undervisning: Helse- og oppvekstfag/Helsefagarbeider - Osterøy vgs

Osterøy vidaregåande skule er ein moderne skule med godt utstyr. På skulen er det om lag 200 elevar og 50 tilsette.
Skulen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag og tilbod innan tilrettelagt opplæring. Vi har eit godt elevmiljø og dyktige lærarar. Med skulen sin visjon «Kunnskap med lokal forankring» har skulen eit godt samarbeid med lokalmiljøet.

Osterøy vidaregåande skule har frå 1. august 2019 ledig fast 80 % stilling som lærar innan helse- og oppvekstfag, Vg2 Helsearbeiderfag.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning innan helse- og oppvekstfag, Vg2 Helsearbeiderfag.
  • Kontaktlærarfunksjon.
  • Fagleg samarbeid og utviklingsarbeid.
  • Ansvarsområde knytt til skulen som organisasjon avhengig av erfaring og kompetanse.

Personlege eigenskaper

  • Det blir lagt stor vekt på faglege og personlege kvalifikasjonar som er relevante for denne typen arbeid.
  • Evne å skapa gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartnarar.
  • Målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet.
  • Gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera.
  • Vi ønskjer ein person som er engasjert og fleksibel, som kan ta aktivt del i skulen sitt utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg høgskuleutdanning/faglærar i helse- og oppvekstfag.
  • Røynsle frå vidaregåande skule.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Interessante oppgåver i eit godt og spanande fagmiljø.
  • For stillinga gjeld lønns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Magne Ottar Espelid
Magne Ottar Espelid