Undervisning: Helse- og oppvekstfag - Fyllingsdalen vgs

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.
Fyllingsdalen vgs er ein kombinert vidaregåande skule med utdanningsprogramma studiespesialiserande, drama (studieførebuande) og helse- og oppvekstfag. I tillegg har skulen påbyggsklassar, ei arbeidstreningsgruppeog nettundervisning. Skulen har omlag 600 elevar og 80 tilsette.

Fyllingsdalen vgs har eit personale med høg kompetanse på sine ulike yrkesfelt, stor grad av fagleg samarbeid og høg trivsel både blant tilsette og elevar. Fyllingsdalen vgs sin visjon er å vere ein skule for læring, meistring og trivsel. Vi ansvarleggjer og motiverer elevane for læring gjennom å tilby tilpassa opplæring, meistring, trivsel, utfordringar og utvikling for alle.

Fyllingsdalen videregående skole har ledig et vikariat i helse- og oppvekstfag, Vikariatet er fram til 15.12.19

Arbeidsoppgåver

  • Den som vert tilsett må vere budd på å undervise på alle tilbodsområda ved skolen

Personlege eigenskaper

  • Initiativrik og ansvarsbevisst
  • Tydeleg og strukturert
  • Inkluderande og humørfylt

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Ønskeleg med erfaring frå vidaregåande skole
  • Gode IKT kunnskapar

Følgjande blir tilbydd

  • Eit spanande og kreativt fagmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode forsikringsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Karen Kristine Rasmussen
Karen Kristine Rasmussen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Siren Kathrin Gjerde
Siren Kathrin Gjerde