Undervisning: Fellesfag spansk - Stord vgs

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande- og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 1000 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Teknikk og industriell produksjon og IKT- servicefag. Voksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper. Det er planlagt ei større ombygging av Stord vidaregåande skule og me skal etterkvart inn i nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skape eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.

Skulen kan ha ledig fylgjande vikariat dette skuleåret:
Om lag 20% årsvikariat i spansk.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning.

Personlege eigenskaper

  • God til å kommunisera, rettleia og motivera
  • God på samarbeid
  • Systematisk og nøyaktig
  • Sjølvstendig

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jfr Opplæringslova
  • Det blir kravd minst 60 studiepoeng i faget.
  • Den som blir tilsett må leggja fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Godt fag- og arbeidsmiljø.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Arild Ingvaldsen
Arild Ingvaldsen