Undervisning: engelsk, norsk og samfunnsfag - Slåtthaug vgs

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp. Skolen har ca 500 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIP og påbygging til generell studiekompetanse.
Vi har ledig 100 % fast lærarstilling for snarleg tilsetting.

Arbeidsoppgåver

    • Vi søkjer lærar som kan undervise i fellesfaga engelsk, norsk og samfunnsfag. Det ligg kontaktlærarfunksjon til stillinga.

Personlege eigenskaper

    • Vi er ute etter ein person som kan skape gode relasjonar til elevane.
    • Du set elevane si læring og vekst i sentrum for arbeidet
    • Du kommuniserer godt, er engasjert og har evne til å motivere
    • Du er utviklingsorientert og likar å arbeide i team
    • Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing.

Kvalifikasjonar

    • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse (minimum 60 studiepoeng i begge fag)
    • Den som skal tilsetjast i videregående skole må leggje fram politiattest.
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

    • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
    • Variert tverrfagleg samarbeid.
    • Lønn etter kvalifikasjonar
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ingvill Rabben Dypevik
Ingvill Rabben Dypevik