Undervisning: Elkraft / automatisering - Fagskolen i Hordaland

Fagskoleutdanning er ei tertiærutdanning lik universitet og høgskular, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Fagskolen i Hordaland er landets største fagskole og gir i dag tilbod til omlag 1200 studentar og har omlag100 tilsette. Hovudadministrasjonen held til i trivelege lokale sentralt plassert på Nordnes i Bergen.

Skolen opplever aukande søknadsmengd til både dag- og nettstudium. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette. Skolen er inne i ein spanande utviklingsfase og ønskjer i den samanheng å knytte til seg fleksible og dyktige medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i dagklasser og nettklasser innan elkraft og automatisering.
  • For informasjon vedr. fagretningar sjå www.hordaland.no/fagskole

Personlege eigenskaper

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Entusiastisk
  • Gode formidlingsevner

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jmfr Lov om høyere yrkesfaglig utdanning.
  • For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Tommy Kokai
Tommy Kokai