Undervisning: Elektrofag - Kvinnherad vgs

Kvinnherad vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 75 tilsette. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknikk og industriell produksjon, Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk, Service og samferdsle, Helse og oppvekstfag, og klassar med redusert elevtal.

Ta kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Inntil 100% undervisningsstilling på vg1 elektrofag og vg2 el-energi, med undervisning innan fagområda el-energisystem og prosjektfag til fordjuping.

Personlege eigenskaper

  • Har du god fagleg og pedagogisk kompetanse, trivst du med ungdomar, har godt humør, er nøyaktig og strukturert, likar utfordringar og set eleven si læring i sentrum - då er det plass til deg ved KVV!

Kvalifikasjonar

  • For fast tilsetting ( jf Opplæringslova og forskrift) vert det krevd fagbrev innan elektrofag, minimum montørsertifikat gr. L. og teknisk fagskule/ relevant utdanning jf. utdanningskrav for undervisning i vidaregåande skule.
  • Det er allikevel mogleg å bli tilsett på vilkår ved å fullføre heile eller deler av manglande utdanning innan tre år.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kjell Erik Taranger
Kjell Erik Taranger