Undervisning: Elektrofag - Kvinnherad vgs - Hordaland fylkeskommune

Kvinnherad vidaregåande skule har om lag 400 elevar og 80 tilsette. Eit viktig mål for skulen er å ha eit breitt
opplæringstilbod i samsvar med kompetansebehova til næringslivet i regionen.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknikk og
industriell produksjon, Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk, Service og
samferdsle, Helse og oppvekstfag, og klassar med redusert elevtal.
Vi har ledig inntil 100% undervisningsstilling på elektrofag, men det kan og
vera aktuelt å undervisa på andre programområder
Ta kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Frå 01.01.2020 eller etter nærare avtale, er det ledig undervisningsstilling på vg1 elektrofag og vg2 el-energi, innan fagområda el-energisystem og prosjektfag til fordjuping. Undervisning i enkelte deler av fag innan vg2 Kjemiprosess kan òg verta aktuelt i stillinga

Personlege eigenskaper

    • God evne til kommunikasjon og samarbeid
    • Tydleg og støttande leiar i klasserommet
    • Strukturert
    • Ansvarsbevisst
    • Fleksibel
    • Relasjonsbyggar
    • Utviklingsorientert

Kvalifikasjonar

    • Den vi søkjer har primært yrkesfaglærar utdanning/ elektroingeniør med fagbrev innan elektrofag, minimum montørsertifikat gr. L. / relevant utdanning jf. utdanningskrav for undervisning i vidaregåande skule.
    • Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med tilrettelegging for elevar med særskilde behov
    • Gode kunnskapar innan bruk av informasjonsteknologi
    • Det er eit pluss at søkjar har kompetanse i vurdering for læring og FYR samarbeid
    • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova og forskrift
    • Alle som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje frem politiattest

Følgjande blir tilbydd

    • Gode forsikrings- og pensjonsordninger
    • Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis
    • Triveleg og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
    • Kurs og opplæringstilbod

    Andre opplysningar

    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
    • Nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader                        

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kjell Erik Taranger
Kjell Erik Taranger