Undervisning: Elektrofag - Årstad vgs

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 4 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar. Skulen skal være ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.

Årstad vidaregåande skule har ledig 100% vikariat som elektrofaglærar.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i elektrofag og kontaktlærarfunksjon.

Personlege eigenskaper

  • Kreativ, utviklings- og løysingsorientert med gode evne til å kommunisere.
  • Eit positivt elevsyn.
  • Evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og i team.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som elektrikar gruppe L, 2 års fagskule og pedagogikk.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Jobb i eit bredt fagmiljø med stor fokus på utvikling.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
  • Godt fag- og arbeidsmiljø.
  • Moderne undervisningsanlegg.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Arthur Tøsdal
Arthur Tøsdal