Undervisning: Dramafag - Fyllingsdalen vgs

Fyllingsdalen vgs er ein kombinert vidaregåande skule med utdanningsprogramma studiespesialiserande, drama (studieførebuande) og helse- og oppvekstfag. I tillegg har skulen påbyggsklassar, ei arbeidstreningsgruppe, ei innleiande Vg1 TIP-gruppe («Bilservice»), og nettundervisning. Skulen har omlag 600 elevar og 80 tilsette.

Vi trenger en vikar fra 01.01.19 og ut skoleåret som kan undervise i teaterfag på videregående. Fagene som er aktuelle er Teater og Bevegelse, Teater i perspektiv og Teaterproduksjon. Til sammen er dette en stilling på 48,6% stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Den som vert tilsett må vere budd på å undervise på alle tilbodsområda ved skolen der man har kompetanse

Personlege eigenskaper

  • Initiativrik og ansvarsbevisst
  • Tydeleg og strukturert
  • Inkluderande og humørfylt

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr opplæringslova
  • Ønskeleg med erfaring frå vidaregåande skole
  • Gode IKT kunnskapar
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Eit spanande og kreativt fagmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode forsikringsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rolf Eriksen
Rolf Eriksen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Karen Kristine Rasmussen
Karen Kristine Rasmussen