Undervisning: Design og handverk - Fitjar vgs

Fitjar vgs ligg på Fitjar på øya Stord. Skulen har ca 240 elevar og 35 tilsette. Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Design og handverksfag, Helse- og oppvekstfag og Restaurant- og matfag. Skulen har og Vg3/Vg4 allmennfagleg påbygging.

Skulen sin visjon er: "Fitjar vgs skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra". Skulen har eit sterkt fokus på pedagogisk utviklingsarbeid.

Fitjar vgs har frå 01.02.19 til 31.07.19 (evt. lengre) ledig inntil 85 % undervisningsstilling (vikariat) i programområde design og handverk.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i fag på Vg1 design og handverk.
  • Til stillinga er det lagt til kontaktlærarfunksjon.

Personlege eigenskaper

  • Faglege og pedagogiske trygge lærarar som har eleven si læring og trivnad i fokus.
  • Sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fleksibilitet.
  • Tydeleg og engasjert.

Kvalifikasjonar

  • Faglærar i design og handverk / formgjevingsfag. Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova. Søkjarar utan pedagogisk utdanning kan også søkja.
  • Kjennskap til It's learning og SkoleArena og bruk av IKT i ein pedagogisk samanheng.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule, må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter gjeldande avtalar og kvalifikasjonar.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Leif Helge Engelsen
Leif Helge Engelsen