Undervisning: CNC & Robotteknologi - Fagskolen i Hordaland

Fagskoleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning lik universitet og høgskular, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserar til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Fagskolen i Hordaland er en av landets største fagskoler og gir i dag tilbod til omlag 1200 studentar og har omlag100 tilsette. Hovudadministrasjonen held til i trivelege lokale sentralt plassert på Nordnes i Bergen.

Skolen opplever aukande søknadsmengd til både dag- og nettstudium. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette. Skolen er inne i ein spanande utviklingsfase og ønskjer i den samanheng å knytte til seg fleksible og dyktige medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i dagklasser og nettklasser innan CNC og Robotteknologi. For informasjon vedr. fagretningar sjå www.hordaland.no/fagskole

Personlege eigenskaper

  • Strukturert Sjølvstendig Ansvarsbevisst Entusiastisk
  • Gode formidlingsevner

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg kompetanse, jmfr Lov om høyere yrkesfaglig utdanning.
  • Vi søker etter personer med CNC -maskinering og robotteknikk erfaring
  • For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skolen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lars Hellevik
Lars Hellevik