Undervisning: Byggfag - Slåtthaug vgs

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort vei til buss- og bybanestopp. Skolen har ca 480 elevar fordelt på utdanningsprogram HO,BA,EL,TIP og almennfagleg påbygging.
Med atterhald om søkjarar til programområdet,
søkjer vi etter ein faglærar innenfor bygg- og anleggsteknikk med oppstart 1.august 2019..

Arbeidsoppgåver

  • Personen vi søker etter, må kunne undervise både på vg1 og vg2 nivå innanfor programområdet bygg- og anleggsteknikk. Det kan bli lagt kontaktlæreransvar til stillinga.

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter ein person som kan skape dei gode relasjonar til elevane.
  • Gode samarbeidsevne og motivasjon og interesse for å jobbe med elevar med ulike utfordringar.
  • Personleg eigenskap blir vektlagt ved tilsetjing.
  • Like å jobbe utadretta mot bedriftar og bransje

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev innanfor eit av byggfaga, primært betong- eller murerfag
  • Godkjend teoretisk utdanning på minimum fagskulenivå.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø.
  • Nye, gode verkstedsfasilitetar.
  • Variert tverrfagleg samarbeid.
  • Gode forsikringsavtaler
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Liv Rønning
Liv Rønning
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Stig Haldorsen
Stig Haldorsen