Undervisning: Bygg- og anleggsteknikk/byggteknikk - Laksevåg vgs

Laksevåg videregående skole ligger i naturskjønne omgivnader nær Bergen sentrum. Det er kort vei til buss- og bybanestopp. Skulen har ca 450 elevar fordelt på utdanningsprogram BA,EL,TIP,STO og almennfagleg påbygging.

Vi søkjer etter to faglærarar innan bygg- og anleggsteknikk. Dette er to årsvikariat skoleåret 2019/2020. Det er mogleg at ei av stillingane kan bli gjort om til ei fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Du må kunne undervise både på vg1, vg2 og på lærling-nivå innanfor programområdet bygg- og anleggsteknikk. Det kan bli lagt kontaktlæreransvar til stillingane.

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter deg som kan skape gode relasjonar til elevane.
  • Du må ha god samarbeidsevne, motivasjon og interesse for å jobbe med elevar med ulike utfordringar.
  • Du må like å jobbe utadretta mot bedrifter og bransjen.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Godt arbeidsmiljø


    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ingvar Jarle Nilssen
Ingvar Jarle Nilssen