Undervisning: Bygg- og anleggsteknikk/byggteknikk - Knarvik vgs

Knarvik vidaregåande skule har om lag 1000 elevar fordelt på mange ulike utdanningsprogram.
Visjonen for skulen er "Læring og vekst for alle".
Vi søkjer etter faglærar innan bygg- og anleggsteknikk. 80% fast og 20% årsvikariat (19-20)

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning både på Vg1 og Vg2 innafor programområdet bygg- og anleggsteknikk.
  • Systematisk oppfølging av elevar i fag.
  • Følgje opp og bidra til at elevane får læreplass innan fagområdet.
  • Det kan bli lagt kontaktlæreransvar til stillinga.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer deg som kan skape gode relasjonar til elevane.
  • Du har gode samarbeidsevner, motivasjon og interesse for å jobbe med elevar med ulike utfordringar.
  • Du er engasjert og vil like å jobbe utadretta mot bedrifter og bransjen.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Triveleg arbeidsmiljø og godt arbeidsfellesskap
  • Kurs og opplæringstilbod
  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Patrick D'Incan
Patrick D'Incan