Undervisning: Anleggsteknikk - Os vgs

Os vidaregåande skule har desse 5 yrkesfaglege utdanningsprogramma:
• Bygg- og anleggsteknikk
• Elektrofag
• Helse- og oppvekstfag
• Service og samferdsel
• Teknikk og industriell produksjon

Os vidaregående skule har 480 elevar, 100 tilsette og 5 utdanningsprogram, og har tilbod med særskilt tilrettelagt opplæring og påbygging til generell studiekompetanse.

Visjonen for skulen er "- for samarbeid og læring".

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på anleggsteknikk

Personlege eigenskaper

  • Vere kreativ, kunne arbeide målretta og vise vilje til nytenking
  • Ha gode samarbeidsevner med resten av personalgruppa på avdelinga, vere fleksibel, ha godt humør og stå-på-vilje.
  • Vere villig til å arbeide etter dei målsettingane som skulen har for arbeidet med elevgruppa.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter kandidatar med brei fagleg bakgrunn innan anleggsfaga, gjerne erfaring innen fjell og bergverksfaget og/eller ADK1.
  • For fast tilsetjing er det krav om fagbrev samt teoretisk utdanning på fagskulenivå eller ingeniørutdanning/høgskule, samt praktisk pedagogikk. Dersom søkjar ikkje tilfredsstiller alle desse krava, vil vi leggje til rette for etterutdanning slik at ein kan fylle kompetansekrava.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lasse Svellingen
Lasse Svellingen