Undervising i matematikk, naturfag og fysikk - Fusa vgs - Avd. Fellesfag, Hordaland fylkeskommune

Undervising i realfag

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i matematikk, naturfag og fysikk på studieførebuande utdanningsprogram, TAF og yrkesfag.
    Delta i faggrupper
    Delta i arbeidet for heilskapen på skulen

Personlege eigenskaper

  • Trygg, tydeleg og triveleg klasseleiar med positivt elevsyn og evne til å skapa gode relasjonar
    Bidra til eit godt arbeidsmiljø: Å gjera kvarandre gode og vilja kvarandre vel
    Stå inne for verdigrunnlaget respekt, engasjement, tryggleik og samstemt
    Kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig
    Evne til å samarbeida, vera løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner
    Utviklingsorientert
    Vera ein engasjert tilsett som arbeidar for heilskapen på skulen

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg (i denne stillinga: 60 studiepoeng i både matematikk og fysikk) og pedagogisk kompetanse (PPU), jmfr Opplæringslova. Dersom du manglar noko av dette, kan det verta stilt krav om at du må gjennomføra tilleggsutdanning.
    Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
    Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter kvalifikasjonar

    Andre opplysningar

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Gunnar Ljones Dolve
Gunnar Ljones Dolve