Teiknspråktolk - Nordahl grieg vgs - Spesialstab

Nordahl Grieg videregående skole er ein ny skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og har nå 910 elevar og om lag 150 tilsette. Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.

Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”.
Skolen er universitetsskole knytta til Universitetet i Bergen og er praksisarena for forsking. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.

Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon, Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Skolen er knutepunktskole for hørselshemma.

Skolen har ledig:
- 2 faste stillinger i 100% fra 01.08.2018
- Vikariat inntil 300% fra 01.08.2018 til 31.12.18

Arbeidsoppgåver

  • Dei som vert tilsette vil gå inn i eit fagleg tolketeam på om lag 10 - 15 personar. Arbeidsoppgåvene vil innehalde tolking både for elevar og tilsette.

Personlege eigenskaper

  • Søkjar må ha gode samarbeidsevner, ha fokus på relasjonsbyggjing og ha eit ønskje om å delta i fremtidsretta læringsmiljø i digitale omgjevnader.
  • Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særlig vekt på ved tilsetjing. Elevane er framtida vår. Den vi tilset må ha godt lag med ungdom, vera vennleg, tydeleg og strukturert. Vi ønskjer oss ein kollega med godt humør, positiv innstilling og ønskje om å skape eit godt fagmiljø saman med andre i tolketeamet og på skolen.
  • Søkjar må ha evne til fleksibilitet og vere budd på endringar i tolkeplanen, ikkje berre frå dag til dag, men stundom også time for time.

Kvalifikasjonar

  • Til stillinga er det krav om relevant kompetanse på høgskole / universitetsnivå. Bachelor i tegnspråk og tolking eller tilsvarande.
  • Personar som vert tilsette i vidaregåande skole, må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Det er svært ønskjeleg med erfaring frå praksis som tolk.
  • Ønskjeleg at det framgår av søknaden kva tolkemetodar ein har erfaring med/brukar.

Følgjande blir tilbydd

  • Nordahl Grieg er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og eit gründermiljø der du vil vere ein viktig medarbeidar.
  • Skolen har eit godt tolketeam der det er mogeleg med god fagleg utvikling gjennom mellom anna kollegarettleiing.
  • For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
  • For meir informasjon, sjå skolens heimeside http://ngv.hfk.no
  • Bruk elektronisk søknadsskjema
  • Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
  • Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine.
  • Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna (kan vere rektor), ein sideordna (kan vera kollega) og ein eventuell underordna

  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lisbeth Aulin
Lisbeth Aulin