Tannpleiar - Rolland tannklinikk

Vikariat i 60 % stilling som tannpleiar er ledig med tiltreding snarast - t.o.m. 31.08.2019.
Tenestestad er f.t. Rolland tannklinikk

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein ansvarsbevisst, resultatorientert og initiativrik medarbeidar

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha autorisasjon som tannpleiar
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Tannpleiarar blir f.t. løna f.o.m. kr 386.200 - 465.300 etter 16 år
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lathamini Murugesh
Lathamini Murugesh