Tannlege - THD. Vest, Øygarden

100 % fast stilling som tannlege er ledig i Vest tannhelsedistrikt fom.15.08.2019. Tenestestad er f.t. Øygarden tannklinikk. Dersom intern søkjar blir tilsett, kan det bli ledig stilling ved ei anna tannklinikk.
Øygarden tannklinikk er ein ny, moderne tannklinikk med 13 behandlingsrom. Den er lokalisert i Øygarden Lokalmedisinske senter på Straume. Klinikken er godt utstyrt med mellom anna OPG, lystgass og fastmontert pasientheis. Her er 9 heile tannlege- og tannhelsesekretærstillingar og 3 tannpleiarstillingar. Ein av tannlegane er spesialist i pedodonti og knytta til Tannhelsetenesta sitt Kompetansesenter. Tannklinikken har eige TOO-team (tortur, overgrep og odontofobi) Klinikken har eit fagleg utviklande og triveleg arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Allsidige og spennande arbeidsoppgåver
  • vi hjelper og støtter kvarandre til fagleg utvikling

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst, resultatorientert og initiativrik medarbeidar.

Kvalifikasjonar

  • Det blir stilt krav om autorisasjon som tannlege.
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk evt. engelsk.
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tiltreding i stillinga.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale, men med ei minsteløn på f.t. kr. 580.000,-

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Mette S. Vallentinsen
Mette S. Vallentinsen