Tannlege - THD. Vest, Askøy tannklinikk

100% fast stilling som tannlege er ledig f.o.m. 05.08.2019.
Tenestestad er f.t. Askøy tannklinikk. Ved intern tilsetjing kan det bli ledig stilling på ein annan klinikk i distriktet, det kan og bli ledig vikariat. Askøy tannklinikk er ein moderne og godt utstyrt klinikk med 11 behandlingsrom og 17 tilsette.
.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar

Kvalifikasjonar

  • Det blir stilt krav om godkjent norsk autorisasjon som tannlege
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk evt. englesk
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tiltreding
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale, men med ei minsteløn på f.t. kr 580.000,-
  • Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Mette S. Vallentinsen
Mette S. Vallentinsen