Tannlege - Tannhelsetenesta - senter for odontofobi

Ved TkVest/Hordaland er det ledig 40% fast stilling som tannlege ved senter for odontofobi frå og med 01.01.2019.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er ein del av tannhelsetenesta i Hordaland sitt spesialist-tilbod og inngår i kompetansesenteret sitt odontofobiteam.
  • Søkjar må ha erfaring og interesse for arbeid med odontofobipasientar. Gode evner til å samarbeide er ei førestnad for tilsetjing i stillinga.

Personlege eigenskaper

  • Den som blir tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjøvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar. Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagde

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar til stillinga må ha godkjent norsk autorisasjon som tannlege
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Stillinga blir løna av Hordaland fylkeskommune etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ileana Mihaela Marthinussen Cuida
Ileana Mihaela Marthinussen Cuida