Tannlege - Rolland og Bergen fengsel tannklinikkar

Vikariat i 100% stilling som tannlege er ledig med oppstart snarast - t.o.m. 29.02.2020. Mogelegheit for noko forlenging.
Tenestestad er f.t. 50% Rolland tannklinikk og 50% Bergen fengsel tannklinikk.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar

Kvalifikasjonar

  • Det blir stilt krav om godkjent norsk autorisasjon som tannlege
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk evt engelsk
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale, men med ei minsteløn på kr 570.000
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lathamini Murugesh
Lathamini Murugesh