Tannlege - Odda tannklinikk

Vikariat i 100 % stilling som tannlege er ledig med oppstart snarast - t.o.m. 29.02.2020. Moglegheit for noko forlenging.
Tenestestad er f.t. Odda og Lofthus tannklinikkar.

Odda ligg i Hardanger, og ein har i området gode høve for friluftsliv. Trolltunga, Folgefonna og Hardanervidda ligg alle kring Odda, for å nemne noko. Om ein likar å stå på ski, har ein skitrekk, gode snøforhold og preparerte langrennsløyper i området kring Røldal på vinterhalvåret. Sommerskisenteret på Folgefonna er også i nærleiken.
I tillegg til flott natur, kan Odda/Lofthus tannklinikk også freiste med ein spanande og variert arbeidsdag. Som offentleg klinikk, arbeidar me mykje med pasientar i dei prioriterte tannhelsegruppene. I tillegg yter klinikkane tannhelsetilbod til ei stor gruppe vaksne pasientar. Dette medfører at ein får ein svært variert kvardag, der ein jamleg får høve til å arbeide innanfor dei fleste faghelt, som til dømes endodonti, protetikk og kirurgi.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar

Kvalifikasjonar

  • Det blir stilt krav om godkjent norsk autorisasjon som tannlege
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk evt. engelsk
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale, men med ei minsteløn på kr. 570.000.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Agnete Norheim Kaldestad
Agnete Norheim Kaldestad