Tannlege - Laksevåg tannklinikk

Tenestestad er for tida Laksevåg tannklinikk som er ein klinikk med høg aktivitet og god kompetanse. Her arbeidar det 3 tannlegar, derav 1 spesialist i endodonti, 1 tannpleiar og 4 tannhelsesekretærar. Klinikken er ein del av eit større klinikkområde og samarbeidar tett med Loddefjord tannklinikk som består av 6 behandlarteam (tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar).

Vi har ledig stilling som tannlege frå 1.1.2019.

Dersom det blir intern tilsetting kan det bli ledig stilling/vikariat ved anna tannklinikk i distriktet.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein ansvarsbevisst, resultatorientert og initiativrik medarbeidar

Kvalifikasjonar

  • Det blir stilt krav om godkjent norsk autorisasjon som tannlege
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk evt. engelsk.
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale, men med ei minsteløn på f.t. kr. 570.000,-
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Mette S. Vallentinsen
Mette S. Vallentinsen