Tannhelsesekretær - TK Vest / avd Hordaland Spesialistklinikk, Hordaland fylkeskommune

Vi har ledig 30% fast stilling som tannhelsesekretær frå og med 15.01.2020.
Tenestestad er TkVest/Hordaland ved Spesialistklinikken, Årstadveien 19, Bergen

Arbeidsoppgåver

    • Stillinga er ein del av Tannhelsetenesta i Hordaland sitt spesialisttilbod, der ein behandlar tilviste pasientar.

Personlege eigenskaper

    • Vi søkjer etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar
    • Personelge eigenskapar vil bli vektlagde

Kvalifikasjonar

    • Søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær.
    • Beherske norsk skriftleg og munnleg.
    • Det er ønskjeleg med erfaring frå kirurgi, endodonti og perodontologi
    • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

    • Løn i samsvar med Hovedtariffavtale i kommunal sektor.
    • I tillegg kjem kr. 10.000 på topp av årsløna.
    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ileana Mihaela Marthinussen Cuida
Ileana Mihaela Marthinussen Cuida