Tannhelsesekretær - THD. Vest, Laksevåg

Tenestestad er f.t. Laksevåg tannklinikk som er ein klinikk med høg aktivitet og god kompetanse. Her arbeidar det 3 tannlegar, derav 1 spesialist i endodonti, 1 tannpleiar og 4 tannhelsesekretærar. Klinikken er ein del av eit større klinikkområde og samarbeidar tett med Loddefjord tannklinikk som består av 6 behandlarteam.

Vi har ledig 60% fast stilling som tannhelsesekretær frå 1 mars 2019.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Tannhelsesekretær blir f.t. løna fom. kr. 338.800 - 409.200 etter 16 år.

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Mette Skønberg Vallentinsen
Mette Skønberg Vallentinsen