Tannhelsesekretær - Narkosen HUS

100% fast stilling som tannhelsesekretær er ledig f.o.m. 01.08.2019. Stillinga er f.t. delt mellom 70% arbeid ved tannbehandling i narkose ved Haukeland universitetssjukehus (HUS) og 30% klinisk arbeid ved Årstad tannklinikk.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid i samband med tannbehandling i narkose
  • Samarbeid med ansvarleg tannlege for tannbehandling i narkose om vurdering og prioritering av tilviste pasientar
  • Utsending av timeavtalar, informasjon og skjema til pasientar/pårørande
  • Samarbeid med kjevekirurgisk poliklinikk HUS om praktiske prosedyrar vedrørande tannbehandling i narkose

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidseigenskapar. Evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarer
  • Gode evner til organisering
  • Fleksibilitet

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Funksjonstillegg for narkose kr 26.000 pr år
  • Tannhelsesekretær er for tida løna frå kr 338.800 - 409.200 etter 16 år
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Bente Holmgren
Bente Holmgren