Tannhelsesekretær - Årstad tannklinikk

100% fast stilling som tannhelsesekretær er ledig frå 01.09.2019.
Tenestestad er f.t. Årstad tannklinikk.

Arbeidsoppgåver

  • 40% arbeid i resepsjon
  • 60% klinisk verksemd

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn i samsvar med tariffavtale i kommunal sektor
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Bente Holmgren
Bente Holmgren