Spesialpedagog/Logoped Åsane/Kvam - PPT Nord

Vi har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog eller logoped ved vårt kontor i Åsane. Stillinga er knytt til skular i Kvam og Bergen nord/Nordhordland. OT/PPT er ein seksjon i Opplæringsavdelinga. Vår viktigaste oppgåve er å bidra til at flest mogleg elevar fullfører vidaregåande opplæring. Den ledige stillinga er for tida knytt til kontoret vårt i Åsane og har ansvar for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

Arbeidsoppgåver

  • Vårt oppdrag er å drive kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særskilte behov. Tilsette hos oss må kunne ta på seg oppdrag med rettleiing og kursverksemd. Vi er sakkunnig instans og skal sørgje for sakkunnig vurdering der lova krev det. Ulik utgreiingskompetanse er derfor ein fordel å ha. Oppgåver og arbeidsform krev stor grad av sjølvstende.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer etter ein medarbeidar som er sjølvstendig, strukturert, løysingsretta og trygg på seg sjølv. Som tilsett i OT/PPT arbeider ein i nær kontakt med ungdom og samarbeidspartnarar, slik at fleksibilitet og evne til relasjonsbygging er viktige føresetnader.

Kvalifikasjonar

  • Spesialpedagogikk, logopedi på masternivå
  • Kartleggingskompetanse
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Til denne stillinga er det ein føresetnad for tilsetjing at det blir lagt fram politiattest

Følgjande blir tilbydd

  • Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Vi legg til rette for vidareutvikling av fagkompetansen.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaler for OT/PPT, Hordaland Fylkeskommune. Fylkeskommunen har nokre tenestebilar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Janne Lisen Ringdal Strøm
Janne Lisen Ringdal Strøm