Spesialpedagog - Knarvik vgs

Ved tilrettelagd avdeling vert det ledig 70% vikarstilling for Spesialpedagog i perioden 1.1.2019 - 31.12.2019. Undervisninga er lagt til elevar på Kvardagslivstrening HTH-gruppe. Det er mogelegheit for økt stilling. Elevane har store hjelpe- og tilretteleggingsbehov. Det er naudsynt at den som vert tilsett trivst med og har interesse for arbeid med ungdom, som har ulik grad av utfordringar. Du vil arbeide i team med tre andre lærarar og fleire miljøarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning etter gjeldande reglar for spesialundervisning.
  • Rettleiing i team, samarbeid med føresette og tverrfagleg samarbeid med andre instansar utanfor skulen.

Personlege eigenskaper

  • Har du godt humør, pedagogisk kompetanse og bakgrunn, likar å jobbe tett saman med kollegaer, er nøyaktig og strukturert, likar utfordringar og set eleven si emosjonelle, sosiale og faglige læring i sentrum - då er du rette personen for Knarvik videregåande skule.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Ei avdeling med eit aktivt og innovativt fagmiljø innan pedagogisk arbeid med emosjonelle og sosiale ferdigheiter
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
  • Godt fag- og arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Knarvik vidaregåande skule har utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk, Design og handverk, Elektrofag, Helse- og sosialfag, Service og samferdsel, Studiespesialisering og Teknikk og industriell produksjon. Vidare har skulen den 4-årige utdanninga Tekniske og allmenne fag, ein tilrettelagt avdeling og Internasjonal vidaregåande skule i Wales. Visjonen for skulen er "Læring og vekst for alle". Skulen har for tida over 70 klassar, om lag 1000 elevar og 185 tilsette. Skulen er vaksenopplæringssenter for Nordhordland og driv ei omfattande kursverksemd. Knarvik vidaregåande skule har eit nært samarbeid med bedrifter og offentlege institusjonar i Nordhordhordland og Bergen. Skulen ligg i regionssentret Knarvik, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Nordhordland og til Bergen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Roar Teige
Roar Teige