Sommarjobb for ingeniørstudent - Bybanen Utbygging

Bybanen Utbygging er ein prosjektorganisasjon med ansvar for erverv, prosjektering og bygging av Bybanen i Bergen - frå vedtatt reguleringsplan til overlevering av ferdig bane til driftsorganisasjonen Bybanen AS. Vi har i dag kontor på Kronstad i Bergen, er ca 75 medarbeidarar, og rapporterer direkte til Fylkesrådmannen.

I samband med bygging av Bybanen til Fyllingsdalen, vil det vere ein del arbeid i området rundt Haukeland sykehus. Blant anna skal vannledningar bli lagd om, høyspent- og signalkablar og veien blir lagd om i faser. Til å bistå med oppfølgjing av dette arbeidet i sommarmånadane 2019, søkjer vi nå etter ein ingeniørstudent.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølgning av entreprenør under arbeid ved Haukeland, medrekna kvalitet og HMS.
  • Kontakt med etatar ved behov for avklaringar, medrekna BKK, VA etaten, Statens vegvesen.
  • Rapportere til byggleiar på plassen.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner,
  • Sjølvstendig

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført minimum 2 år av ingeniør/sivilingeniørstudiet

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale
  • Eit godt og utfordrande fagleg miljø
  • Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Terje Simmenes
Terje Simmenes
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Mona Løvås
Mona Løvås