Seniorrådgjevar integrasjon og verksemdsarkitektur - IT-tenester og teknisk drift - Skyss

Skyss er i ferd med å gjennomføre ei større omstilling på IT-området. Heilt sentralt i dette er det å etablere og bygge opp kompetanse innanfor arkitektur og integrasjon. Stillinga som seniorrådgjevar integrasjon og verksemdsarkitektur skal saman med våre andre dyktige fagfolk utvikle Skyss innanfor desse viktige fagfelta.

Stillinga inngår i faggruppe IT-tenester og teknisk drift i Skyss.

Arbeidsoppgåver

  • utvikle og etablere systemarkitektur med fokus på grensesnittet mellom Skyss og operatør og integrasjon og kommunikasjon mot relevante interne system
  • ansvar for komponentar, system og programvare om bord på ulike transportmiddel inkludert tekniske løysingar for flåtestyringssystem, passasjerteljing, sanntidssystem, FMS-data, informasjonssystem og kommunikasjonsflater, IP-nettverk o.l.
  • innføring av ITxPT-standarden og deltaking i vidareutviklinga av denne
  • tilrettelegging for samanstilling og analyser av data frå ulike kjelder
  • medverknad til vidareutvikling av nye tenester og bruk av ny teknologi i tett samarbeid med forretningssida
  • innkjøp innanfor fagområdet, særleg med omsyn til utforming og oppfølging av kravspesifikasjonar m.m.

Personlege eigenskaper

  • Som person bør du vere strukturert og trivst med å ha mange ballar i lufta samstundes, og du må like å jobbe saman med andre i eit hektisk arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innanfor IT-fag
  • Dokumentert erfaring med systemarkitektur og integrasjonar
  • God forståing for IT som drivar for forretningsutvikling
  • Kjennskap til ulike arbeidsmetodikkar og praktisering av rammeverk, som til dømes ITIL
  • Gode språklege ferdigheiter og evne til å utarbeide skriftleg dokumentasjon
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss. Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Asle Kristian Andersen
Asle Kristian Andersen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Odd Harald Dommersnes
Odd Harald Dommersnes