Seksjonssjef kulturformidling - avdeling kultur, idrett og inkludering - Vestland fylkeskommune

Seksjonssjefen for kulturformidling vil inngå i leiargruppa til fylkesdirektør kultur idrett og inkludering. Seksjonen vil få omlag 12 medarbeidarar. Fast kontorstad er Førde. Du må rekne med noko reiseverksemd. Startdato må diskuterast, men det er ønskjeleg at dei som vert tilsette kan bidra i etableringa av seksjonane sine og i innplasseringa av tilsette i 2019.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjon for kulturformidling sine hovudoppgåve er:
  • Understøtte og gjennomføre Vestland fylkeskommune sin vedtekne politikk for formidling av kunst og kultur
  • Ivareta oppgåver innan kulturformidling heimla i delegasjon av statleg ansvar
  • Formidle eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk til alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen
  • Offentleg samarbeid
  • Kulturpolitisk utviklingsarbeid
  • Deltaking i nasjonale og regionale fagnettverk innanfor kulturformidling
  • Til dette ligg tenestproduksjon som:
  • Politiske saker
  • Ansvar for utvikling, produksjon, formidling og praktisk tilrettelegging av kunst- og kulturtilbodet til skulane i Vestland fylke
  • Forvaltning av regionale tilskotsordningar
  • Samarbeid med den statlege Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Norge
  • Fagleg dialog og samarbeid med kommunane og skulane
  • Ansvar for fylkesmusikarordninga, den kulturelle spaserstokken, distriktsmusikarane, UKM mv.
  • Oppgåver som ligg direkte til leiar:
  • Personalansvar for 10-12 tilsette, lokalisert i Førde, Bergen og evt. Leikanger
  • Ansvar for budsjett, rekneskap og kontroll
  • Strategisk utviklingsarbeid i samråd med fylkesdirektør
  • Ta del regional planlegging
  • Ansvar for førebuing av politiske saker og vedtaksoppfølging
  • Fagleg leiing av medarbeidarane
  • Koordinere tilskotshandsaming og felles rutinar for gjennomføring av kulturformidlingsarbeidet
  • Planarbeid
  • Arbeid med inkludering
  • Informasjon (årsmelding mv)

Personlege eigenskaper

  • Vi vektlegg:
  • relevant leiarerfaring frå og kjennskap til offentleg forvalting
  • Du bør:
  • Vere systematisk
  • Resultatorientert og handlekraftig
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Vere utviklingsorientert og endringsvillig

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i kunst- eller kulturfag/solid og relevant praksis
  • Leiarerfaring og god kjennskap til fagområda som ligg til seksjonen
  • Erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid

Følgjande blir tilbydd

  • du får vere med å forme og utvikle ein av dei mest sentrale samfunnsaktørane på Vestlandet
  • du får vere med å etablere ein ny organisasjon
  • spennande leiarutfordringar i sterke fagmiljø med engasjerte tilsette
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Andre opplysningar:
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Namna på stillingane i den nye fylkeskommunen er ikkje endeleg avklara slik at det kan skje endringar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Sogn og Fjordane og Hordaland går saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Per Morten Ekerhovd
Per Morten Ekerhovd