Rektor - Sotra vgs

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfaglege og studiespesialiserande programområde. Skulen har to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund med 850 elevar og 150 tilsette.
Sotra vgs er også vaksenopplæringssenter for Askøy, Sotra og Øygarden og har ca. 200 elevar innanfor ulike program.

Det vert lagt vekt på å å utvikle eit godt læringsmiljø der elevar får delta aktivt i utforming av undervisninga, og elevar og tilsette samarbeider om å skape eit miljø tufta på respekt, inkludering og medansvar.
Rektor skal leie ein skole saman med ei dynamisk leiargruppe som samarbeider tett, har ein open kommunikasjon og rom for både alvor og godt humør. Leiinga vektlegg nært samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane i alle saker som gjeld skulen og personalet.
Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2019.

HFK søkjer etter ein rektor som:
• Set elevane si læring og deira vekst i sentrum for skulen sitt arbeid.
Markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet. Profilerer skulen og bidreg til auka rekruttering.
• Leiar og utviklar skulen og er ansvarleg for læringsresultat, læringsmiljø og samfunnsoppdraget.
• Saman med leiargruppa skal ein ha ein open kommunikasjon med rom for nytenking. Leiinga skal vektlegge samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane.
• Har reflekterte visjonar og god fagleg forankring for skulen si pedagogiske utvikling.
• Byggjer ein sterk fagleg og verdibasert kultur med stor fellesskapskjensle som kontinuerleg søkjer utvikling.
• Legg til rette for å utnytte fagleg kompetanse, gir rettleiing og støtte i arbeidet med å byggje fellesskap med sikte på gode læringsprosessar for elevane.
• Er oppteken av å halde ved like og skape eit attraktivt arbeidsmiljø prega av respekt, tillit og dialog.
• Har eit avklart forhold til rolla som arbeidsgjevar med god forståing av lov og avtaleverk.
• Arbeider i samsvar med politiske og administrative vedtak med evne til å forankre endringar på ein god måte i organisasjonen.

Personlege eigenskaper

  • Er sosial og inkluderande og byggjer gode relasjonar
  • Har stort engasjement og evne til å motivere
  • Har gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid
  • Er reflektert og resultat- og løysingsorientert
  • Arbeider strukturert og systematisk

Kvalifikasjonar

  • Hordaland fylkeskommune krev at rektorane har kompetanse i samsvar med Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar.”.
  • Utdanning innan leiing og organisasjonsutvikling er ønskjeleg.
  • Erfaring frå vidaregåande opplæring er ein fordel.
  • Kunnskap om økonomistyring.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Sissel Øverdal
Sissel Øverdal