Rektor - Osterøy vidaregåande skule

Osterøy vidaregåande skule er ein kombinert skule med studiespesialisering og yrkesfaglege utdanningsprogram: Elektrofag, helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon og tilrettelagde grupper. Skulen har om lag 200 elevar. Vi er ein moderne skule med godt utstyr, og lyse og trivelege lokale.

Skulen har eit tett og godt samarbeid med lokalmiljøet som til dømes elektrobransjen, industri, skular, barnehagar og sjukeheimar i Osterøy kommune. Det er ønskjeleg å vidareutvikle samarbeidet ved at skulen mellom anna gir god og relevant opplæring som dekkjer behovet for kompetanse og arbeidskraft i kommunen. Vi har eit godt elevmiljø og dyktige lærarar.

Skulen ligg i Lonevåg, om lag 45 minuttars køyring frå Bergen, og held til i nytt bygg med miljøsertifisering og med nærleik til ungdomsskule, barnehage og kommuneadministrasjon.

Stillinga som rektor er ledig frå 01.01.2020.

HFK søkjer etter ein rektor som:
• Set elevane si læring og deira vekst i sentrum for skulen sitt arbeid og overgang til læreplass/studium eller arbeid.
• Har open og tydeleg kommunikasjon.
• Har klare mål som ein søker å oppnå i eit fellesskap
• Leier prosessar med god fagleg forankring i pedagogisk utvikling og profesjonsutvikling.
• Legg stor vekt på samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane.
• Byggjer ein sterk fagleg og verdibasert kultur
• Er oppteken av å halde ved like og skape eit attraktivt arbeidsmiljø prega av respekt, tillit og dialog.
• Har eit avklart forhold til rolla som arbeidsgjevar med god forståing av lov og avtaleverk.
• Vidareutviklar skulen si rolle som aktør i lokalsamfunnet.
• Profilerer skulen og bidreg til auka rekruttering.

Personlege eigenskaper

    • Er sosial og inkluderande og byggjer gode relasjonar og nettverk
    • Har verdibasert forankring
    • Har stort engasjement og evne til å motivere
    • Har gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid
    • Er reflektert og resultat- og løysingsorientert
    • Arbeider strukturert og systematisk

Kvalifikasjonar

    • Hordaland fylkeskommune krev at rektorane har kompetanse i samsvar med Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar.”.
    • Utdanning innan leiing og organisasjonsutvikling er ønskjeleg.
    • Erfaring frå vidaregåande opplæring er ein fordel.
    • Kunnskap om økonomistyring.
    • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Magnus Odeen
Magnus Odeen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Hillevi Elizabeth Runshaug
Hillevi Elizabeth Runshaug